#hookedonlife

Handleliste

Mellom dei ulike varene, skrivne i ei handleliste på telefonen, skin lukka gjennom.
Det er ikkje akkurat flombelysning, men som små partiklar. Nesten usynleg om du ikkje ser etter, men likevel så gjennomsyrandeSnip20180201_54
Melk, egg og baconskiver, fordelt i partal. Det er fredag.
Tacolefser, både ferdigtypen og dei heimelaga. Og avokado.
Der ute er det kaldt, marshmallows, bleier i storleiken nyfødd 2 og nyfødd 1, vert dei nokon gong synkroniserte? Popcorn, pops og lakriskaramell– og to ulike typar tannkrem.
Brokkoli, macaroni&cheese, tomat, agurk og ruccola.
Plaster med minions på, og i parentes står nasespray. For ordens skuld.
Tøymjuknar og Zalo.
På stell-såpe og ei litt større hue, slalåmstøvlar i 37 og kanskje ny stålampe til stova. Det trengs litt lys i kroken ved vogga.
Kaffikapslar og soyamelk, eit spel til playstation som ikkje er for vaksne, tross at det også står herredeodorant lenger opp.
Livet sett frå ei handleliste. Lukka skin definitivt gjennom.

Tags: , ,

Leave a Reply