#hookedonlife

Handleliste

Mellom dei ulike varene, skrivne i ei handleliste på telefonen, skin lukka gjennom. Det er ikkje akkurat flombelysning, men som små partiklar. Nesten usynleg om du ikkje ser etter, men likevel så gjennomsyrande.  Melk, egg og baconskiver, fordelt i partal. Det er fredag. Tacolefser, både ferdigtypen og dei heimelaga. Og avokado. Der ute er det […]